Historien vår


1979 — Solberg Mek. Verksted AS vart i starta av Johan O. Solberg. I starten leigde han lokalar i bedrifta til Dagfinn Riple i Rymledalen på Hatland. Primære arbeidsoppgåver var service/rep. av lastebiler og traktor. Kona Kari tok seg av kontorarbeidet. Alt frå starten av stod det heilt klart for Kari og Johan, og skapa en ny servicebedrift var einstydande med god kvalitet på arbeidet, høg servicegrad, og rette prisar på oppdraga. En fornøyd kunde kjem tilbake for nye oppdrag, det var denne dynamikken som skulle bygga opp bedrifta.

1981 — Det vart beslutta og byggja en verkstadshall på 300m2 på heimegarden på Solberg.

1982 — Et skreddarsydd bygg for serviceoppdrag på tunge kjøretøy stod klart i 1982. Noko som var kjærkomme etter år med tungvint utstyr og mykje slit.

1983 — Godkjent av Statens Vegvesen.

1984 — Det starta slik at en Osterøy bonde skulle kjøpa seg traktor og Johan skulle væra med som rådgjevar. Det var Fendt dei “såg på”, men det var ikkje snakk om kjøp utan at Johan var forhandlar og på tok seg serviceoppdraget. Johan blir Fendt forhandlar. Han forhandlar også Nøstet kjettingar og Sønnak batteri.

1988 — Å væra forhandlar medførte en vesentlig auking av arbeidsmengde med sal av traktorer og landbruksutstyr, så i 1988 ble det tilsett en mann til i 100 % stilling. Forhandlar også av Same traktor.

1990 — Forhandlar også av Lamborghini og Zetor, samt anna utstyr som Rekord gjødselutstyr, Dalen produkta, Lyng triangel, Foss Eik traktorhenger, skogsmaskiner og Rye skuffe.

1994 — Stod en ny hall på 150m2 ferdig ved sidan av den første. Det var spesielt småtraktorer og småbiler som skulle få plass her. Denne hallen har ikkje grav, men løftebukk. Solberg Mek. Verksted AS blei også leverandør av Tess-produkta og laga hydrauliske slangar etter behov.

1995 — Arbeidstokken aukas igjen, og hallen er knapt tatt i bruk før plassen er for liten.

1996 — Planlegging av nytt bygg starter. Et bygg som kunne gå inn i år 2000 som topp moderne og utfyller alle nye krav som arbeidsmiljø, avfallshandtering, Eu kontroll og kvalitetssikring.

1997 — Ny verkstadhall står ferdig, med kantine, garderobar, kontor og kunderom. En miljøvennlig bedrift som utfyller alle krav.

1998 — Sal av Husqvarna Skog og Hage produkter.

1999 — 20 år. Hadde stort jubileumsfest med 200 gjester i de nye lokala.

2003 — Roy Solberg, son til Kari og Johan kjem inn i bedrifta. Han overtar ansvaret for tunge kjøretøy, og etter dette har reparasjonar av lastebiler og hengarar auka for kvert år.

2004 — Ennå eit nytt traktor merke kom på plass, nemlig Deutz Fahr, så nå er her Deutz Fahr, Zetor, Same, Lamborghini og Iseki. Alle frå same importør. Nemlig H.C. Petersen Norge AS.

2005/2006 — Leverandør for Honda grasklipparar, snøfresar og aggregat.

2006/2007 — Utviding av ute areala. Plassen vart for liten, så etter utvidinga vart det god plass både til biler som skal til reparasjon og til dei som er ferdige.

2009 — Avtale inngåas med Pro- Flex på hydraulikk slangar og koplingar.

2009 — 30 år jubileum, alle tilsette fekk oppleva ein langweekend i Paris.

2011 — No er me 7 tilsette på 100 %, 3 deltid samt til tider inn leigd arbeidskraft. Solberg Mek. Verkstad AS er ei bedrift i stadig utvikling og god vekst.

Solberg Mek. Verksted AS — 5282 Lonevåg — tlf: 56 19 38 38 — epost: post@solbergmekverksted.no
Vår kunnskap og erfaring, DIN trygghet! Anno 1979